Psykologspesialist
Vil du vere med på laget vårt? Vi har eit breitt og godt fagmiljø, og vi er ein sosial gjeng der tilsette tar initiativ til sosiale aktiviteter både felles og innad i teama.
Vi har no behov for psykologspesialist i teamet vårt. Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR behandling, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. I samarbeid med kommune i nærområde vil vi kurse fleire av våre behandler i EMDR, og legge til rette for god faglig utvikling i bruk av EMDR som metode.
Poliklinikken har også behov for å videreutvikle sin kompetanse på fleire andre områder. For tida er aktuelle satsningsområder videreutvikling av kompetanse på psykoselidingar, traumelidingar, spiseforstyrring og behandling av samansette rus og psykiske lidingar (ROP). Det er ønskjeleg med kompetanse innanfor disse områdane, men dersom ein ikkje har spesifikk kompetanse innanfor desse, vil det leggjast til rette for kompetanseheving. Kompetanse på behandling av andre lidingar innen psykisk helsevern er også ønskjeleg. Vi har i dag 54,5 stillingar og er ein almennpsykiatrisk poliklinikk. Av dette er det 13,5 stillingar for psykologspesialist. Vi har organisert verksemda i fleire ulike team. Desse er eit almenpsykiatrisk team, eit oppfølgingsteam, eit ROP team og eit avklaring- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ambulant akutteam og eit FACT-team. Begge desse er lokalisert utanfor poliklinikken.
Vi ønskjer å gå i dialog med dei som vert tilsett i forhold til deira sine preferansar om teamtilknyting, og kva fagområde ein ønskjer å jobbe vidare med. Vi er ein poliklinikk i endring, og du vil med å jobbe her få store mogelegheiter for å vere med å vidareutvikle det polikliniske tilbodet.
Arbeidsoppgåver
Utgreiing/ diagnostisering og behandling, både sjølvstendig og i samarbeid med tverrfagleg team
Vidareutvikling av behandlingstilbodet
Rettleiing internt og eksternt
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som psykolog og godkjenning som psykologspesialist
Psykolog som har 1 år igjen av spesialiseringen kan også søkje
Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper
Sertifikat klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
Du er strukturert og målretta
Du har gode samarbeidsevner
Du trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
Du er fleksibel, nytenkjande og løysingsorientert
Du kommuniserer godt både internt og eksternt
Du liker å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
Eit triveleg arbeidsmiljø der vi samlast til felleslunsj på pauserommet, vi inviterer til frokost og er på tur i nærområdet
Løn etter gjeldande overeinskomst
Rekrutteringstillegg psykologar og psykologspesialistar
Fleksibel arbeidstid
Psykologer som nærmer seg ferdig spesialisering vil kunne vurderes for konstituering som spesialist
Dekking av flytteutgifter etter gjeldande reglement
Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år for spesialistar
Internundervisning og gode moglegheiter for vidare- og etterutdanning
Tilrettelagt for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialiteten
For ikkje-spesialistar vil vi legge forholda til rette for å fullføre spesialisering
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mye natur å by på, varierte turmuligheter i både skog, fjell og fjord. Her er det gode miljø innenfor klatring og friluftsliv og det er nylig etablert et innendørs klatresenter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, samt hurtigbåt med fleire daglege avgangar til Trondheim. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Jørgen Lægreid
Seksjonsleiar
Telefon: +47 928 49 056
E-post: Jorgen.Legreid@helse-mr.no